© 2015 by  Røldalsmarknaden. Proudly created with Wix.com

  • Facebook Social Icon

Utstillarreglar for Røldalsmarknaden 

 

1. Det er idrettsplassen mellom grendahuset og skulen som er marknadsplass. Plassen har kunstgressdekke og asfalt. Innandørs på Grendahuset er det dusj, toalett og kafé på dagtid. På skulen er det toalett for bruk på nattestid for utstillarar på plassen. Alt er i sentrum med kort gangveg til butikk, servering og bank.

2. Det finnes standplassar i 2 store telt midt på Idrettsplassen, samt standplassar ute der kvar og ein må ha bil, telt eller anna å selje i frå. Utstillarane finn ved ankomst sine tildelte plassar. For dei som treng straum, kan ikkje dette tildelast før tidlegast fredag føremiddag. (sjå også punkt 5). Røldalsmarknaden har nattevakter på plassen (natt til laurdag og natt til sundag). Seljarane er sjølve ansvarlege for varer og varelager. All ferdsel på på marknadsområdet og tilhøyrande areal skal foregå i samsvar med dei retningslinjer marknadsnemnda gjev. Parkering kun på tilviste plassar.

3. Registrering av utstillarar skjer når påmeldingsskjemaet ligg føre hjå marknadsnemnda i utfylt og underskriven stand. Påmeldinga er bindande og utstillar hefter for standleiga etter at standplass er bekrefta. Framleige av utstillingsplassen er ikkje tillate. Utstillarane skal fylgje opningstida for marknaden. Ankomst etter åpninga laurdag eller avreise før marknaden stenger sundag er ikkje tillate og vil medføra tilleggsavgift.

4. Påmeldingsfristen står i utstillarinfo samt på påmeldingsskjema og nettsider. Marknadsnemnda har rett til å styra tildeling av plassar og har den endelege avgjersla om tildeling av utstillingsplassane. Utstillarane kan ikkje selje andre varer en det som står på søknadsskjemaet, eller det marknaden har gjeve løyve til. Utstillarar som bryt reglement eller på anna vis tek seg til rette, kan visast bort frå marknaden.

5. Standplassane ute har markert avgrensing, utan avskjerming. Straum må tingast via søknadsskjema. Utstillarar må sjølve syta for å ha med nok skøyteledningar. Straum vert lagt fram til standplassane tidligast fredag føremiddag. 

6. Betaling av standleiga skal skje via tilsendt giro. Kvittering skal framvisast dersom marknadsnemnda krev det. Dersom betalingsvilkåra på giro ikkje er oppfylt, har marknadsnemnda rett til å tildela standplassen til andre utstillarar.

7. Me har begrensa plassar (2-3 stk) for sal av varm mat. Lotteri er ikkje tillete for utstillarane. Oppheng av plakatar, prangande skilt, bannarar o.l må klarerast med marknadsnemnda, likeeins skal demonstrasjonar, vareprøvar, bruk av film, lydband, høgtalarar, video og liknande avklarast med marknadsnemnda på førehand. Vareprøvar og reklamemateriell kan berre delast ut i frå eigen stand. Dei som sel matvarer skal ha godkjenning i frå mattilsynet. Denne må kunne leggast fram for repr. i frå nemnda.

8. Salsbuene i teltet og standplassane vert stilt til rådvelde for utstillarane tidligast fredag føremiddag. Utstillarane må sjølve syte for all transport, montering, demontering, pakking og bortkøyring av emballasje, eigne varer og dekorasjonsmateriell. Monteringa av stand må være klar før marknaden åpnar laurdag kl.10.00. Demontering skjer etter at marknaden stenger sundag kl.17.00. All innkjøring til marknadsområdet må pga sikkerhetshensyn skje seinast 30 min. før marknaden opnar, og tidligast 30 min. etter at den er stengt. Det er ikkje tillete å pakka ner standen sin før marknaden stenger. All tomgods må være fjerna innan måndags kveld.

9. Utstillarane er ansvarlege for skader som vert påført bygningar, innreiingar, anlegg eller liknande. Utstillarane ordnar sjølve forsikring av si stand og sine varer. Marknadsnemnda tek ikkje på seg ansvar for dei utstilte varene, utstyr eller tredje person sine eigedeler.

10.Før utstillar forlet marknadsområdet skal standen være fri for boss, dekorasjonar, spiker, fundament o.l. Dersom ryddinga ikkje er utført som avtala, har marknadsnemnda rett til å utføre opprydding på utstillar si rekning.

11. Bubilar, campingvogner e.l som ikkje er ein del av standen kan ikkje plasserast på området utan førehandsgodkjenning frå arrangør.

12.Marknadsnemnda har rett til å avvlyse marknaden eller deler av denne dersom det oppstår spesielle situasjonar som gjer arrangementet umulig å gjennomføra. T.d force majeur, terroråttak, flaum, brann, eller andre skadar på bygningar eller område. Dersom avlysing i samsvar med dette punktet, fråskriv marknadsnemnda seg alt ansvar ovanfor utstillarar som fylgje av avlysninga. Marknadsnemnda skal så langt råd er, varsle utstillarar så snart som mogeleg om situasjonen som har oppstått dersom arrangementet må avlysast. Marknadsnemnda har ingen andre plikter en å betala attende utstillarane for innbetalt standleige.

 

Velkommen til trivelege marknadsdagar i Røldal!